Nyskapande miljø

Kontorfellesskapet 1724 har eit kreativt og inkluderande miljø.

Fleksible moglegheiter

Vi tilbyr skreddersydde kontorpakker til enkeltpersonar og bedrifter.

God kaffi!

Kaffitraktaren vår får kun ferskbrente kaffibønner frå landets beste kaffibrenneri.

Bedriftene på 1724

Vinjerock AS

Vinjerock er rockefestivalen på Noregs tak, som sidan 2006 har utvikla seg til å bli landets mest ettertrakta musikkfestival. Billettane vert som regel borte på 10-15 sekund!

Frisk forlag AS

Raske resultat. Enkelt og illustrert. Forskningsbasert. Dette ligg til grunn for alle bøker Frisk forlag gjev ut. Forlagsgründer Lennart Krohn–Hansen utgjer 1724-avdelinga til selskapet, saman med Hallgrim Rogn. 

Lukkeleik

Fotografi, tekstproduksjon og kulturell prosjektleiing er kva  Anne Marte Før tilbyr til både lokale og nasjonale aktørar gjennom foretaket Lukkeleik.

Omhu - WeissTech AS

Omhu er eit digitalt fag- og journalsystem spesielt utvikla for miljøterapeutiske tjenester. Løysinga blir utvikla av WeissTech AS – med hovudkontor på 1724 i Vang.

Valdres Næringshage AS

Valdres Næringshage er det regionale næringsutviklingsselskapet i Valdres, og dei har ei nodeavtale med Kontorfellesskapet 1724 - med faste kontordagar hjå oss kvar månad.

Klimakultur

Korleis kan norsk kulturliv minske sine klimautslipp og jobbe i samsvar med FN sine bærekraftsmål? Klimakultur jobbar i skjæringspunktet mellom klima og kultur.

Klukkargrende

Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som i løpet av dei neste åra skal byggjast ut med 8 nøkkelferdige, arkitektteikna bustader.