
Gründerbygda Vang
I fjellheimen vår finst spor etter folk som slo seg ned her lenge før vikingtida. Naturen gav alt dei trong, og Vang voks seg til ei stor bygd. På 1800-talet oppdaga reiselystne fjella våre, Turistforeininga bygde si fyrste hytte ved Tyin, og fjellhotella blømde.
I nyare tid har gründerar sett Vang på kartet igjen – ikkje minst med Vinjerock, som sidan 2006 har trekt tusenvis av festivalfolk til fjells. I 2025 står vi framleis for det ekte og urørte, med fjellopplevingar og rom for nye idear. Har du noko du vil skape her? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
