Bedriftene på 1724

Outtt AS
Outtt AS utviklar og leverer mobilbaserte marknadsføringsverktøy til reiselivsbedrifter, festivalar, regionar og nasjonalparkar. Selskapet har tre tilsette i kontorfellsskapet.

Leodesk IT AS
Leodesk IT AS leverer konsulenttenester innanfor IT. Jurjen van Leeuwen, som etablerte selskapet i 2009, er ein av Microsoft sine «Most Valuable Professionals» i Noreg.

Vinjerock AS
Vinjerock er rockefestivalen på Noregs tak, som sidan 2006 har utvikla seg til å bli landets mest ettertrakta musikkfestival. Billettane vert som regel borte på 10-15 sekund!

Innovangsjon SA
Innovangsjon SA er eit bygdeutviklingsføretak med to tilsette, som jobbar med næringsutvikling, tilflytting, integrering, trivselstiltak og marknadsføring av det Vang har å by på.

Frisk forlag AS
Raske resultat. Enkelt og illustrert. Forskningsbasert. Dette ligg til grunn for alle bøker Frisk forlag gjev ut. Forlagsgründer Lennart Krohn–Hansen utgjer 1724-avdelinga til selskapet.

Fleten.net AS
Fleten.net er eit dansk IT-selskap, som jobbar med å etablere seg i Noreg. Dei er spesialistar på Ubuntu (OpenSource software) og trådlause nettverksløysingar til bedrifter.

Lukkeleik
Fotografi, tekstproduksjon og kulturell prosjektleiing er kva Anne Marte Før tilbyr til både lokale og nasjonale aktørar gjennom foretaket Lukkeleik.

Mountains of Norway
Mountains of Norway jobbar med utvikling og internasjonalt sal av norske fjellopplevingar - eit framtidsretta samarbeid mellom destinasjonsselskapa i fjellregionen.

ValdresØkonomane
Steffen Tronrud Gjevre utgjer fjellavdelinga til Valdresøkonomane og er på Kontorfellesskapet 1724 to dagar i veka. Reknskap og revisjon er stikkord for tenestene.

MakePlans
MakePlans er enkel og fleksibel timebestilling på nett og siste prosjekt frå seriegründer Espen Antonsen. Fleire gonger i året tek han turen til Vang og 1724 kombinasjonen arbeid og fjelltur.

Norges Skiforbund
Trener for kvinnelandslaget i langrenn, Geir Endre Rogn, har Kontorfellsskapet 1724 som base når landslaget ikkje er på samling eller konkurranse.
