Kontaktpunktet – Dag Inge Bruflot

Er du nyfiken på moglegheitene for kontorplass på 1724? Ta kontakt med Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon.

Fasilitetar

Kontorfellesskapet 1724 byr på følgjande fasilitetar til alle leigetakarane sine:

  • Ferdig møblert kontorplass
  • Uslåeleg utsyn frå kontorpulten
  • Trådlaust og kabla internett (100 mbit fiber)
  • 3 møterom og 1 telefonrom til fri bruk
  • Oppsett for nettmøte i 2x møterom (Huddle)
  • Trådlaus lyd i alle rom (Sonos)
  • Trådlaust bilete og lyd på møterom (AirPlay)
  • Ny skrivar/scanner kopla mot nettverket
  • God kaffi og te er sjølvsagt inkludert i husleiga
  • Vedfyrt badstove ti meter frå kontordøra

Framoverlent og fleksibelt

Fleksibelt er stikkordet for kontorplass på 1724. Sjølvsagt er du velkommen fem fulle dagar i veka, men her er også fleire andre løysingar for å verta ein del av miljøet.

Gründer/startup (gratis prøveperiode)

Kreativt miljø og kunnskapsrike folk innan fleire bransjar er stikkord for gründer-tilbodet på 1724. Er du i startgropa med bedrift stiller heile miljøet her opp for deg. Du får totalt 30 dagar gratis kontorleige over ein periode på inntil 3 månader, og tilgang på kompetanse om søknadar, marknadsføring, rekneskap og anna som omhandlar det å gå frå ide til å drive butikk. Næringsutviklar i Innovangsjon er også sjølvsagt på plass og hjelper til med smått og stort.

Tilbodet gjeld alle, om du nyleg har fått Vang som kommune, er fastbuande eller tilflyttar. Nytilflytta og arbeidssøkende har same tilbod som Gründer/startup. Vi trur miljøet på 1724 vil vera til hjelp for deg som er ny i kommunen til å bli betre kjent med bedrifter og dei moglegheitene det kan gje.

Fast kontorplass (frå 2400 + mva pr. mnd.)

Dette er løysinga for deg som ynskjer fast kontorplass i kontorlandskapet. Vel mellom vanleg plass til kr 2400 per månad eller stor plass til kr 3000 per månad. Tiltang til alle fellesfasilitetar er inkludert i prisen.

Fleksi (frå 1000 + mva pr. mnd.)

Treng du arbeidsro i Vang i kortare periodar gjennom året er fleksipakka ei god løysing. Anten du vil utvide jul- eller påskeferien, ta eit par arbeidsveker i anna miljø, eller berre treng ein fleksibel kontorplass nokre dagar i månaden, kan Kontorfellsskapet 1724 vera løysinga. Med denne løysinga har du tilgang til 1724 inntil 8 dagar per månad, med moglegheit for enkel utviding ved behov.

Andre behov?

Ta kontakt for å diskutere løysingar!

Meir moro saman

Kontorfellesskapet 1724 har fokus på å jobbe med prosjekt på tvers av bedriftene på huset både formelt og uformelt. I tillegg har me sjølvsagt ulike fellesarrangement i løpet av året, bl.a. jolebord og sumarfest. I det daglege er felles lønsj klokka tolv, og fast varmlønsj på fredagar, små høgdepunkt i arbeidsdagen- og veka.